Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Skap debatt i offentlegheita

Viktige samfunnsspørsmål blir debatterte i offentlegheita kvar einaste dag. Korleis kan du sjølv bidra med innlegg i den offentlege debatten?

Oppgåve 1: Bli inspirert!

Ungdomsskuleelevar skaper debatt om trakassering

Fjortenåringane Ella Fyhn, Ea Baklund og Ellisiv Aure skapte debatt med eit lesarinnlegg i Aftenposten om seksuell trakassering av jenter i skulekvardagen.

Trettenåringen Hermine Svortevik Oen fekk mykje merksemd med debattinnlegget "Snakk med sønnen din!" i Bergens Tidende.

a) Les debattinnlegga ovanfor.

b) Svar på desse spørsmåla:


  • På kva måte påverkar jentene offentlegheita med desse lesarinnlegga?

  • Kvifor er det viktig å diskutere spørsmål som handlar om seksuell trakassering i offentlegheita?

  • Kvifor er det viktig at ungdom deltek i den offentlege debatten på denne måten?


Oppgåve 2: Skriv lesarinnlegg og skap debatt

  • Du skal rette merksemd mot ei sak du brenn for. Skriv eit lesarinnlegg til ei avis. Målet med innlegget er at det skal skape debatt.

Skrivetips frå Bergens Tidende (BT)

  • Skriv så lett og engasjerande som du klarer, men ver språkleg presis.

  • Føreslå ein kort tittel og ingress som vekkjer nysgjerrigheita og problematiserer det du skriv om.

  • Kan du aktualisere teksten ved å vise til ei nyleg eller viktig hending?

  • Få inn konkrete døme i teksten.

  • Adresser gjerne innlegget slik at ein person eller institusjon kjenner seg forplikta til å svare.

  • Kan du spisse hovudpoenget ditt mot slutten og finne ein god "punchline"?

Her kan du få fleire tips og sende inn di meining til BT.

Oppgåve 3: Skap debatt i sosiale medium

  • Lag eit innlegg for sosiale medium om same sak som du skreiv lesarinnlegg om.

  • Innlegget skal publiserast i ein av dei sosiale mediekanalane du bruker mykje, til dømes Snapchat, TikTok eller YouTube.

  • Ver bevisst på korleis du kommuniserer. Det er viktig at bodskapen kjem tydeleg fram.

  • Bruk visuelle element og verkemiddel som treffer målgruppa, og som er relevante for den sosiale mediekanalen du har valt.

  • Målet er at innlegget skal setje søkjelys på saka og skape debatt.


Oppsummering

Gå saman i grupper og diskuter desse spørsmåla:

  1. Kva for eit av innlegga dine har sterkast påverknadskraft? Lesarinnlegget eller innlegget du publiserte i sosiale medium? Kvifor?

  2. Korleis påverkar du offentlegheita med desse innlegga?

  3. Viktige samfunnsspørsmål blir debatterte i ulike kanalar kvar einaste dag. Kvifor er offentlegheita avhengig av eit mangfald av stemmer og eit mangfald av debattarenaer?






Relatert innhald

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist oppdatert 10.09.2026