Oppgåve
Lag eit fotoportrett
I denne oppgåva skal du ta eit portrettfoto av ein person. Dette arbeidsoppdraget heng saman med oppgåva om å lage eit portrettintervju. Målet er at fotoportrettet skal relaterast til innhaldet i portrettintervjuet; det skal fortelje noko om personlegdommen til intervjuobjektet ditt.

Dette portrettbiletet viser Alfred Hitchcock med ein måse og en ramn på skuldrene. Fuglane kan knytast til Hitchcocks kjende film «The Birds».
Evna til å bli kjend med personar og til å tenkje ut gode idear for korleis personlegdomstrekk kan visualiserast, er nøkkelen til å ta gode portrett.
Arbeidsoppdrag
- Du skal lage eit fotoportrett av ein person.
- Du skal ta portrettbiletet med mobiltelefonen din.
- Målet er at biletet skal relaterast til det som kjem fram i portrettintervjuet; det skal fortelje noko om personlegdommen til intervjuobjektet ditt.
- Du kan bruke modellen sine eigne klede, utstyr og ting som rekvisittar. Du kan gjerne òg bruke omgivnader som modellen ofte ferdast i, som kulisse.
- I portrettbiletet skal du ta i bruk nokre av dei fem grunnleggjande komposisjonprinsippa i fotografering.
- Portrettbiletet skal vere klart for publisering på nett.
Til inspirasjon
Sjekk ut NRKs programserie Mobilfotografene.
Her fekk deltakarane beskjed om å lage portrett av personar ved hjelp av mobilkameraet. Det var evna deltakarane hadde til å bli kjend med personane og til å tenkje ut gode idear for korleis personlegdomstrekka kunne visualiserast, som avgjorde kven som gjekk til topps i konkurransen.