Illustrer ein kommunikasjonsmodell - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Illustrer ein kommunikasjonsmodell

Sjå videoen Massekommunikasjon – når du behøver det. Lag deretter ein medieproduksjon som illustrerer to ulike kommunikasjonsmodellar. Samarbeid gjerne i grupper.
Massekommunikasjon – når du treng han! Video: Gunstein Myre / CC BY-SA 4.0
  1. Lag ein medieproduksjon som illustrerer:

    prosessmodellen

    tekstmodellen

  2. Produksjonen kan ha form av eit fotografi, ein lydproduksjon, ei digital biletforteljing eller ein videoproduksjon.
  3. Del produksjonane med dei andre i klassen, og gje kvarandre tilbakemelding på form og innhald.
  4. Kven har laga den produksjonen som kommuniser best?
Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2018