Etiske retningslinjer for kommunikasjonsbransjen - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Etiske retningslinjer for kommunikasjonsbransjen

Ein kommunikasjonsmedarbeidar må setje seg inn i dei etiske reglane som er utarbeidde for kommunikasjonsbransjen. Dette er prinsipp som beskriv korleis medarbeidaren skal opptre i arbeidet sitt.

Ein kommunikasjonsarbeidar skal formidle og leggje til rette informasjon for ein oppdragsgivar. Målet er å skape eit godt omdømme. For at ein organisasjon eller ei bedrift skal kunne hevde seg i konkurransen med andre, er tillit og truverd svært viktig. Nokre gonger kan kommunikasjonsarbeidaren hamne i eit etisk dilemma, og då er det viktig å ha etiske retningslinjer å rette seg etter.

Etiske retningslinjer

Kommunikasjonsforeininga har utarbeidd eit sett med profesjonsetiske prinsipp som beskriv korleis medarbeidarar skal opptre i arbeidet sitt. Viktige fokusområde her er integritet og konfidensialitet. Dei etiske retningslinjene slår fast at ein kommunikasjonsmedarbeidar mellom anna skal jobbe for openheit og innsyn og gjere informasjon forståeleg og tilgjengeleg. I tillegg skal medarbeidaren vere open om rolle, metodar og bindingar.

Dei etiske prinsippa til Kommunikasjonsforeningen



Ein kommunikasjonsmedarbeidar skal

  • fremje openheit og innsyn og aktivt bidra til forståing og den opplyste samtalen
  • gi så fullstendig informasjon som mogleg utan at det går utover teieplikta
  • kommunisere ærleg og tydeleg og vere open om sendar, rolle, metodar og bindingar
  • vere ansvarleg med metodar og bruk av verktøy for analyse av brukardata
  • arbeide for likebehandling og gjere informasjon forståeleg og tilgjengeleg


Samfunnsansvar

I Hallo. Medier og kommunikasjon 2 blir samfunnsansvar definert som

ansvaret en organisasjon eller bedrift er ventet å ta på seg overfor menneskene, samfunnet og miljøet som blir påvirket av virksomheten.

Alle bedrifter og organisasjonar har eit samfunnsansvar. Dersom handlingane til eit selskap får konsekvensar for samfunn og miljø, skal verksemda ta ansvar for det. Kommunikasjonsavdelinga til eit selskap får gjerne ansvaret for å setje søkjelyset på etikken og samfunnsansvaret til verksemda. Tydeleg kommunikasjon på dette området kan heve omdømmet til bedrifta.

Kjelder

Akselberg, J. W., Asbjørnsen, D., Beyer, A., Eide, B., Haukanes, L., Kjelling, K., Larsen E. S., Lysne, A., Svensøy, T., Thommessen, T. & Totland, G. (2018). Hallo. Medier og kommunikasjon 2. Aschehoug.

Kommunikasjonsforeningen (u.å.). Kommunikasjonsforeningens etiske prinsipper. Henta 15. mai 2020 frå https://www.kommunikasjon.no/om-oss/etiskraad#Etiske%20prinsipper

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020