Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Samanlikn og drøft to teoriar

Finn fellestrekk og forskjellar mellom to teoriar om mediepåverknad, og vurder i kva grad teoriane er haldbare i dag.

Det finst fleire teoriar om korleis media påverkar oss. No skal du samanlikne og drøfte to ulike teoriar.

Ta utgangspunkt i desse to teoriane:

  • Ivan Pavlovs stimuli–respons-teori

  • George Gerbners kultivasjonsteori

  1. Kva går dei to teoriane ut på? Søk på internett etter informasjon.

  2. Kva har dei to teoriane til felles?

  3. Kva skil dei to teoriane frå kvarandre?

  4. Kva tilseier at teoriane framleis er haldbare?

  5. Kva tilseier at teoriane er utilstrekkelege for å forstå korleis mediepåverknad går i dag føre seg?

I fagartikkelen "Å samanlikne og drøfte mediefaglege teoriar" får du tips til korleis du går fram.

Relatert innhald

Teoriar om mediepåverknad

Vi blir alle påverka av media rundt oss. Det finst ulike teoriar om korleis vi blir påverka, og kor mykje dette styrer haldningane og handlingane våre.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 26.04.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Verifiser, samanlikn og drøft mediefaglege teoriar

Gå til faget: Medie- og informasjonskunnskap 2

Gå til emne: Forsking på media