Prøv deg på kommunikasjonsstrategi - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Prøv deg på kommunikasjonsstrategi

Oppgåve A: Korleis få flest mogleg til å møte på konsert?

På denne oppslagstavla slåst plakatene om merksemda. Tenk deg at elevrådet på skulen din skal arrangere ein konsert for å setje fokus på mobbing i sosiale medium. Klassen din har fått i oppdrag å få flest mogleg til å møte opp på konserten.

  1. Kva for andre kommunikasjonstiltak enn ein plakat på ei oppslagstavle kan de bruke for å fange publikum si merksemd?
  2. Korleis går de fram for å planleggje kommunikasjonen?

Oppgåve B: Lag ein kommunikasjonsplan for økologisk mat

Med utgangspunkt i det du har lært om strategisk kommunikasjon, skal du skissere ein kommunikasjonsplan for følgjande case:

Du dyrkar mais økologisk. Maiskorna tørkar du og sel som kortreist, norsk, økologisk popcorn. Det er berre det lokale museet som sel popcornet for deg. I tillegg står du med popcorn-maskinen din og sel både poppa og upoppa mais på 17. mai og andre offentlege tilstellingar.

Prisen er betrakteleg høgare enn for popcorn som kan kjøpast hos daglegvarekjedene. Likevel får du stadig tilbakemeldingar om kor godt popcornet du lagar, smakar.

No vil du ut til ein større marknad.

Oppgåve C: Repetisjon og eigenvurdering

  • Kva er strategisk kommunikasjon?
  • Kva er ein kommunikasjonsplan?
  • Forklar til nokon som ikkje veit det, korleis «no-situasjonen» og ein «ønskt situasjon» er grunnlaget for å lage ein kommunikasjonsstrategi.
  • Kvifor er det viktig å vite at kommunikasjonsbransjen alltid jobbar med planlagd kommunikasjon?
  • Kva synest du er enkelt å forstå om strategisk kommunikasjon? Kva er vanskeleg å forstå?
Skrive av Petter Skretting.
Sist fagleg oppdatert 12.07.2017