Kommunikasjon, strategi og teknologi
Føremålet med kommunikasjonen
Kommunikasjon er ein prosess der ein bodskap blir overført frå ein avsendar til ein mottakar. Informasjon er det som blir formidla når vi kommuniserer. Føremålet med all kommunikasjon er å formidle ein bodskap som festar seg hos mottakaren.
Av og til ønskjer vi berre at den andre skal forstå korleis vi tenkjer, og kva vi kjenner. For ein skjønnlitterær forfattar er ofte det føremålet.
Andre gonger ønskjer vi å opplyse om noko vi meiner at det er viktig for mottakaren å kjenne til. Journalistar og offentlege styresmakter har gjerne ein slik dagsorden.
Føremålet kan også vere å påverke den vi vender oss til, til å endre meiningar og haldningar eller handle på ein bestemt måte.
I møte med ein kommunisert bodskap bør vi alltid spørje oss sjølve kva føremål og kva interesser avsendaren har, og kven som er den eigentlege oppdragsgivaren. Når vi har klarlagt føremålet, kan vi lettare vurdere bodskapen på ein kritisk måte.

Kommunikasjonsstrategi
Ein strategi er ein gjennomtenkt plan for korleis vi kan nå eit mål. Ein kommunikasjonsstrategi er ein plan for korleis innhald, form og formidling av ein bodskap kan bidra til å opplyse eller påverke mottakarane i retning av det vi ønskjer å oppnå med kommunikasjonen.

I strategisk kommunikasjon har avsendaren eit klart mål for kva kommunikasjonen skal føre til. Her er tre døme på mål:
For helsestyresmaktene kan målet vere å få alle innbyggjarane i Noreg til å vaksinere seg mot covid-19.
For ei bedrift kan målet vere å selje fleire elektriske bilar av eit bestemt merke.
For ein politikar kan målet vere at partiet får fleire stemmer frå Nord-Noreg ved neste stortingsval.
Som kjent er det mange vegar til målet. Éin type kommunikasjonsstrategi kan fungere godt overfor eldre, men vere heilt feilslått dersom mottakargruppa er ungdomsskuleelevar.
Strategiar kan også bli oppbrukte. Det som fungerte fint for ti år sidan, kan ha liten effekt i dag. Profesjonelle kommunikasjonsarbeidarar må derfor jobbe kontinuerleg med å utvikle nye strategiar.
Teknologi og kommunikasjon
Medieteknologi er eit viktig verktøy for alle som jobbar i kommunikasjonsbransjen. Då radioen blei vanleg hos folk flest på 1950-talet, blei det enkelt for styresmaktene å nå raskt ut med viktig informasjon, anten det gjaldt stormvarsel, børsnoteringar eller meldingar til fiskeriflåten.
I dette klippet frå NRK Skole høyrer du nokre radiostemmer frå 1960-talet. Den varer i 55 sekunder:
Marknadskommunikasjonen fekk for alvor vind i segla tidleg på 1900-talet, då filmteknologien gjorde det mogleg å kommunisere ved hjelp av levande bilete. Filmmediet har vist seg å ha stor påverknadskraft.
I vår tid har digitalisering og tilgang til internett gjort det mogleg å spreie informasjon meir effektivt og på heilt andre måtar enn før. I dag blir informasjonsstraumar på nettet styrte av kunstig intelligens og avanserte algoritmar. På denne måten kan avsendaren skreddarsy bodskap retta mot enkeltindivid ut frå innsamla kunnskap om kva vi liker.
Ein slik teknologi er også eit effektivt verktøy for personar og grupperingar som ønskjer å styrkje sin eigen posisjon gjennom å villeie befolkninga ved hjelp av desinformasjon og såkalla "alternative fakta".
Sjå video (1:27) og diskuter
Korleis har medieutviklinga endra premissane for korleis bedrifter og organisasjonar kan jobbe strategisk med kommunikasjon?
Viktige omgrep
- algoritme
- Ein algoritme er ein framgangsmåte eller ei oppskrift som beskriv steg for steg kva ei datamaskin skal gjere med ei gitt datamengde. Avanserte algoritmar samanliknar og analyserer stordata.
- informasjon
- Informasjon er opplysningar om saksforhold. Informasjon kan brukast til å opplyse og til å påverke. I nyheiter og lærebøker er førermålet først og fremst å opplyse, og avsendaren tek vanlegvis sikte på objektivitet. Vi forventar også at informasjon frå styresmakter skal vere sakleg og objektiv. Reklame og politiske talar er døme på sjangrar der informasjon ope blir brukt for å påverke. Informasjon kan også forvrengjast eller blir framstilt feilaktig for å påverke mottakaren. Då snakkar vi om desinformasjon, misinformasjon og propaganda.
- kommunikasjonsstrategi
- Ein kommunikasjonsstrategi er ein plan for korleis ei verksemd kan bruke innhald, form og formidling av ein bodskap til å nå måla for kommunikasjonen sin.
- profesjonell mediekommunikasjon
- Profesjonell mediekommunikasjon er å planleggje og utforme ein bodskap som skal lagast og publiserast etter profesjonelle standardar og framgangsmåtar.
- strategisk kommunikasjon
- Strategisk kommunikasjon er planlagd kommunikasjon for å nå dei måla ei bedrift eller ein organisasjon har sett seg.