Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Klasseundersøking om marknadsføring i sosiale medium

Kven får kva slags typar reklame med utgangspunkt i kva slags personlege data? Gjer ei undersøking i klassen og kommenter resultata.

Første fase

I første fase av undersøkinga skal de samle screenshots, altså skjermdumpar av det de opplever som marknadsføring, i den personlege straumen sosiale medium de bruker.

Finn fram smarttelefonen din eller nettbrettet ditt og gjer følgande:

  • Tenk gjennom kva for tre sosiale medium eller bloggar du bruker mest tid på. Det kan til dømes vere Instagram, Facebook, Snapchat, Youtube eller andre bloggar eller sosiale medium du bruker.
  • Gå inn på det sosiale mediet eller bloggen du bruker aller mest tid på. Ta skjermbilete av marknadsføringa du legg merke til i straumen din. Marknadsføring kan vere all slags innhald der du tenker at nokon ønsker å påverke deg til å få lyst på eit produkt eller ei teneste – til dømes reklame-annonsar, sponsing av ein kjend person eller andre aktivitetar som bidreg til å gjere ein logo eller eit varemerke kjent.

Andre fase

I andre fase skal de skrive kommentarar og setje opp reaksjonar på bileta som er hengde opp på veggane.

  • Last ned og skriv ut bobler og emojiar.
  • Gjer det gjerne på same tid som de henger opp utskriftene.
  • De kan dele klassen i to der halve klassen henger opp utskrifter på kvar sin vegg, og så byter de vegg når de skal gi reaksjonar og kommentarar.

Tredje fase

Set av tid til å klippe ut, skrive kommentarar og lime reaksjonar på kommentarar på utskriftene.

Diskuter kva de opplevde og tenker etter denne øvinga. Var det noko de lærte frå den, og i tilfelle kva?

Om metoden

Oppgåva er skriven med utgangspunkt i metoden i denne rapporten og godkjend av forskarane bak:

Rosenberg, Thea, Steinnes, Kamilla Knutsen og Storm-Mathisen, Ardis (2018). Markedsføring og personvern i sosiale medier – en flermetodisk undersøkelse med barn som medforskere. Oppdragsrapport 13- 2018. Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet – storbyuniversitetet.

Les populærframstillinga Nye forskningsmetoder avslører ulovlig reklame til barn (OsloMet).

Skrive av Thea Rosenberg , Kamilla Knutsen Steines og Ardis Storm-Mathisen . Rettshavar: Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet.
Sist oppdatert 15.10.2019