Elevforsking på media - Munnleg-praktisk oppgåve: Utforsk temaet religion og ytringsfrykt - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Elevforsking på media

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: Utforsk temaet religion og ytringsfrykt

I dette arbeidsoppdraget skal de undersøkje om unge i nærmiljøet er redde for å ytre seg om religiøse tema, og kva den norske befolkninga meiner om religion og ytringsfridom. Oppdraget kan gjennomførast som eit tverrfagleg prosjekt i religions- og mediefaget.

Utgangspunkt

Ein studie gjort av Irene Trysnes og Ronald Mayora Synnes ved Universitetet i Agder i 2021, viser at unge med minoritetsbakgrunn vegrar seg for å dele religiøst innhald på sosiale medium. Set dykk grundig inn i denne studien.

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Les forskingsartikkelen "The Role of Religion in Young Muslims' and Christians' Self-presentation on Social Media" på Sage Publishing.

Arbeidsoppdrag

Klassen skal samarbeide om å utforske samanhengen mellom religiøs tilhøyrsel og ytringsfrykt i eige lokalsamfunn.

Om ønskjeleg, kan oppdraget gjennomførast som eit tverrfagleg prosjekt i faga medie- og informasjonskunnskap 2 og religion og etikk.

Førebuingsfasen

Som ei førebuing går gjennom elevane relevante ressursar i verktøykassa til NDLA, som handlar om forskingsmetode, forskingsetikk og rapportering.

Problemstilling

Kvar elev lagar utkast til ei problemstilling som undersøkinga skal klargjere, og presenterer denne for klassen.

Klassen vel deretter ut éi av desse problemstillingane som utgangspunkt for vidare utforsking.

Forskingsmetodar

For å klargjere problemstillinga skal de bruke tre ulike metodar:

  • ei anonym, digital spørjeundersøking blant unge som tilhøyrer to ulike religionar / religiøse miljø

  • ei kvalitativ intervjuundersøking der de intervjuar to eldre ungdommar som tilhøyrer ulike religionar / religiøse miljø

  • ein grundig studie av datagrunnlaget som viser forholdet mellom religion og ytringsfridom i Fritt ord sin rapport frå 2021: Hva mener befolkningen om ytringsfrihetens grenser?

Gjennomføring

Læraren fordeler arbeidsoppgåver gruppevis. Her er ei liste over arbeid som må utførast:

  • innhente løyve til å samle inn data

  • førebu og gjennomføre spørjeundersøkinga

  • laga intervjuguide og gjennomføre djupneintervju

  • gjennomføre dokumentstudiet og hente ut relevant informasjon og datagrunnlag

  • analysere data og setje dei funna som blir gjorde inn i ein teoretisk samanheng

  • utarbeide og redigere forskingsrapporten

Hugs å innhente skriftleg løyve før spørjeundersøkinga blir gjennomført, og at informasjonen de får må behandlast konfidensielt (fortruleg), sidan det dreier seg om personlege opplysningar.

Etterarbeid og refleksjon

Diskuter til slutt dei funna de har gjort i samla klasse.

  • Finst det ytringsfrykt blant religiøse ungdommar der de bur?

  • Dersom ikkje, kva kan grunnen vere?

  • Kvifor er ytringsfrykt eit demokratisk problem?

  • Kva kan de gjere for å sikre at alle torer å ytre seg fritt?

  • Kva lærte de av dette forskingsprosjektet?

Rettleiing

Under "Relatert innhald" finn de nyttig rettleiing i korleis de kan gjennomføre eit tverrfagleg elevforskingsprosjekt.

Relatert innhald

Fagstoff
Metodar i utforsking

Ei innføring i ulike metodar du kan bruke til å utforske eit fenomen: observasjon, spørjeundersøking, kjeldestudium, feltarbeid og statistisk analyse.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Elevforsking på media