Utforsk eigen mediebruk og eigne medievanar - Registrer eigne medievanar - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Utforsk eigen mediebruk og eigne medievanar

Oppgåve

Registrer eigne medievanar

Medievanane mine

I denne oppgåva skal du svare på ei enkel undersøking om medievanane dine. Undersøkinga er laga i Google-skjema, som er eit enkelt verktøy for å lage slike undersøkingar. Ved å svare på denne undersøkinga kan du bli meir klar over dine eigne medievanar. Kanskje får du også idear her til ei liknande undersøking blant dine eigne klassekameratar og venner.

Interaktivt spørjeskjema: Kva er dine medievanar?

Diskuter resultatet

Gå så saman parvis i klassen og sjå på samandrag av svara.

  • Kva kan de trekkje ut av dette samandraget?
  • Diskuter så i klassen kva denne undersøkinga kan seie dykk om unge sine medievanar.

Samandrag av svara på undersøkinga vil de finne her:

Medievanar – samandrag av svar

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2018