Oppgåve
Kven er du?
Kven er du? Kva er det som er identiteten din?
![Tre ungdommer i baksete på en bil. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/tac8cac5.jpg?width=1024)
Bilete: Klara G / CC BY-NC-SA 4.0
Spørsmålet verkar kanskje litt teit, men prøv likevel å beskrive deg sjølv.
Snu deg så til personen ved sida av deg, og samanlikn svara.
- Har de lik identitet, eller er de veldig forskjellige?
- Kor har de fått identiteten dykkar frå? Har de utvikla han sjølve?
- Har de fått han gjennom oppsedinga?
- Har de fått han gjennom media?