Film og filmklipp
Den gode forteljinga i Roswell Enterprises
Korleis skaper du god historieforteljing? Regissør og filmkonsulent Sirin Eide gir råd.
Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0
Regissør og filmkonsulent Sirin Eide gir deg tips om kva ei god forteljing bør innehalde. Ei forteljing bør
- ha eit overraskande element
- vekkje attkjenning
- spele på nysgjerrigheit
- ha med noko som er annleis (kuriøst eller originalt)
Å GJERE
- Diskuter med ein medelev. Er de einige i at ei god historie bør innehalde desse fire elementa? Kva andre element kan vere verdt å hugse på når de skal skape ei forteljing?
- Sjå kortfilmen Roswell Enterprises. Vurder om filmen inneheld dei fire elementa (overrasking, attkjenning, nysgjerrigheit, kuriositet).
- Vurder til slutt den dramaturgiske kurva i kortfilmen. Har kortfilmen ein typisk dramaturgi som følgjer Hollywood-modellen?
Begrunn svara godt og del gjerne tankane dykkar med resten av klassen.