Førebuing til leksjon 3 - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Førebuing til leksjon 3

第三课:在上海
准备

Dette bør du kjenne til på førehand:

  • korleis du planlegg ei reise
  • korleis du uttrykkjer ei spesifikk plassering
  • korleis du uttrykkjer lengda på ein tidsperiode

Dette skal du lære:

Kommunikasjon

  • å planleggje sightseeing
  • å angi plassering som subjekt i ei setning
  • å nekte sterkt for ei handling eller situasjonsbeskriving
  • å uttrykkje at to handlingar skjer samtidig

Språk, samfunn og kultur

  • Shanghai: Kina si draumefabrikk

Før du startar, skal du tenkje gjennom dette:

  • Kva turistattraksjonar har staden der du bur?
  • Kva slags lokale spesialitetar burde turistar som kjem dit du bur, smake på?

Relatert innhald

Fagstoff
I Shanghai

Slik planlegg du sightseeing i ein storby på kinesisk.

Skrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017