Veiledning
Førebuing til leksjon 1
准备 Zhǔnbèi
Dette bør du kjenne til på førehand:
- korleis du kjem med forslag til aktivitetar
- korleis du uttrykkjer at du liker eller ikkje liker noko
- korleis du uttrykkjer at det har oppstått ein ny situasjon
- geografien i Kina
- klima og årstider i Kina
Dette skal du lære:
Kommunikasjon
- å planleggje kvar du skal dra i ferien
- å føreslå fleire alternative turistattraksjonar
- å planleggje reiserute og kjøp av fly- og togbillettar
- å fortelje om ein tur du har vore på
- å uttrykkje at du meistrar noko
- å uttrykkje at to handlingar kan gjennomførast i ein gitt situasjon
- å uttrykkje at noko eller nokon har to parallelle eigenskapar
Språk, samfunn og kultur
- Beijing: alle reisers mål.
- Xi'an: alle hovudstaders mor.
Før du startar, skal du tenkje gjennom dette:
- Kvar kunne du tenkje deg å dra i Kina, og kva kunne du tenkje deg å sjå?
- Kvar ville du teke med deg ein utanlandsk venn på tur i Noreg, og kva ville du vist han eller
ho?