Førebuing til leksjon 4 - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Førebuing til leksjon 4

Leksjon 1: Å studere kinesisk

Førebuing

准备
Zhǔnbèi

Dette bør du kjenne til på førehand:

• korleis du spør og fortel om familiemedlemmer
• korleis du spør og fortel om alderen til nokon
• korleis du spør og fortel om nokon er elevar eller studentar
• korleis du konstruerer setningar med nokre vanlege adverb
• kva særtrekk det kinesiske språket har

Dette skal du lære:

Språk:
• å spørje og fortelje om det er lett eller vanskeleg å studere eit språk
• å snakke om kvifor eit språk er vanskeleg eller lett
• å diskutere om du liker å studere språk eller ikkje

Språk, samfunn og kultur:
• utdanning i Kina
• det kinesiske skriftspråket

Før du starter, tenk igjennom følgende:

• Kva språk tykkjer du er vanskelege å lære? Kvifor?
• Kva er forskjellane og likskapane mellom kinesisk og norsk?
• Kva trur du er forskjellen mellom utdanning i Kina og utdanning i Noreg?
• Er det nokon logikk i måten kinesiske skriftteikn er utforma på?

Skrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2018