Arbeidsliv i Kina før og no – studiespørsmål - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Arbeidsliv i Kina før og no – studiespørsmål

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Arbeidsliv i Kina før og no. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.

  1. Handelsmenn stod langt nede på den sosiale rangstigen i det tradisjonelle Kina. Har du inntrykk av at det framleis er tilfellet?
  2. Diktaren Nordahl Grieg (1902–1943) besøkte Kina som reportar i 1927. Nokre av inntrykka derfrå nedfelte han i diktet «Vann». Diktaren Rudolf Nilsen (1901–1929) skreiv «En vise om Kinabarna». Kva blir skildra i desse dikta?
  3. Kvifor tykte mange det var vågalt å «hoppe i havet» då reformperioden fekk vind i segla på 80-talet?

Relatert innhald

Fagstoff
Arbeidsliv i Kina før og no

Overgangen frå tradisjonelt bondesamfunn til moderne industrisamfunn var ein prosess som tok opptil to hundre år i Vesten. I Kina tok det rundt førti år.

Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017