Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Marknadsaktivitet for nærbutikken

Også mindre butikkar treng marknadsaktivitetar for å få merksemd og auka sal. Er det noko du kan gjere for eller saman med ein av dei mindre butikkane der du bur?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

I denne oppgåva kan de jobbe åleine eller i små grupper. Målet er at de skal planleggje, gjennomføre og evaluere ein marknadsaktivitet eller eit arrangement for ein sjølvvald butikk.

Førebuing

  • Kontakt ein butikk de liker, eventuelt praksisbedrifta dykkar, og avtal eit møte med sjefen eller den daglege leiaren. Hugs å presentere dykk høfleg og fortel at det handlar om eit skuleprosjekt.

  • Til møtet må de førebu ein presentasjon av oppgåva. Spør òg om det er produkt eller andre ting butikken kanskje treng hjelp til å skape merksemd rundt.

  • Spør den daglege leiaren om de kan få planleggje, gjennomføre og saman evaluere eit lite arrangement eller ein marknadsaktivitet for det dei ønskjer å få merksemd rundt.

  • Bli einige om målgruppa for arrangementet. Sett målbare mål for evalueringa under og etter arrangementet.

Døme på marknadsaktivitetar kan vere

  • ein brosjyre

  • ein annonse i sosiale medium

  • ein smaksstand

  • eit arrangement av eige ønske

  • ein kundekveld

  • Planlegg arrangementet og diskuter planen med butikken. Gjer nødvendige endringar og set ein dato for gjennomføring.

  • Gjennomfør arrangementet eller aktiviteten i samråd med butikken.

  • Evaluer i etterkant: Kva var bra, kva kunne ha vore annleis, og kva blei resultatet?

  • Presenter for kvarandre i klassen og reflekter over kva effekt marknadsaktivitetar kan ha for små bedrifter.


Lykke til!

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 08.04.2021