Høgmellomalderen i Noreg - Historie (vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Høgmellomalderen i Noreg

Striden mellom kongemakta og kyrkja blei eit mellomspel i statsdanninga. I 1217 blei birkebeinarane og baglarane einige om at barnebarnet til Sverre, Håkon Håkonsson, skulle bli konge. Dette markerer innleiinga til den norske høgmellomalderen.

Både i Europa og i Noreg er høgmellomalderen kjenneteikna ved sterke einekongedømme, velsigna og støtta av kyrkja.

Sættargjerda i Tunsberg

Kyrkja støtta den nye kongen på det vilkåret at kyrkja fekk tilbake den same fridommen som ho hadde før Sverre si tid. No blei kyrkja sin rett til å kontrollere sin eigen organisasjon nedfelt i ein avtale mellom kongemakta og kyrkja. Denne viktige avtalen blei inngått i 1277 og blir kalla «sættargjerda i Tunsberg». No var kongen sin posisjon som Guds fremste representant på jorda akseptert av begge partar.

Norsk stordomstid

Perioden som følgde etter kroninga av Håkon Håkonsson, blir omtalt som den norske stordomstida. På 1200-talet var riket på sitt største. Då var òg store delar av øyane i Vesterhavet innlemma i kongedømmet.

Norrønt språk skapte ein språkleg fellesskap. 1200-talet er òg perioden då store norske praktbygg blei påbegynte, mellom anna Akershus festning, Håkonshallen i Bergen og Nidarosdomen i Trondheim. Fleire store handelsstader voks fram. Dette var òg tida for dei første bydanningane – i Oslo, Bergen, Trondheim, Tønsberg og Vågan i Lofoten.

Framveksten av byane var ei følgje av aukande handel langs kysten. Handel med fisk gjorde Bergen til eit viktig knutepunkt mellom dei nordtyske hanseatane og norske handelsfolk. Byane voks fordi kongemakta gjekk over frå å reise rundt og bu på storgardane til å byggje opp ein fast administrasjon i byane. Dette vitnar om at høgmellomalderen var ein periode med økonomisk vekst.

Tydelegare einskap – landslov og riksråd

Sonen til Håkon Håkonsson, Magnus, fekk tilnamnet Lagabøte. Han «bøtte» – altså bygde vidare på – dei gjeldande lovene. I 1270-åra fekk han vedteke ei landslov. Dette var ei viktig ramme for statsdanninga og kongemakta i Noreg. Lova knytte det geografiske området til folket og rekna Noreg som ei sjølvstendig politisk eining. Landslova sikra eit felles rettssystem, skattesystem og militært forsvar. No var det om lag ti lagting, med faste lagmenn, som dømde og administrerte. Femti sysselmenn var lokale representantar for kongen. Hirda, kongen sin eigen hær, sikra kontakten mellom kongen og det lokale styringsapparatet.

På 1200-talet var riksrådet blitt ein fast institusjon i dei skandinaviske landa, etter modell frå Frankrike og England. Heilt sidan kong Sverre si tid hadde dei «fremste mennene» i landet sikra seg retten til å godkjenne nye kongsemne. I England var ordninga lovfesta i «Magna Carta», frå 1215. Det skjedde etter press frå den engelske adelen, biskopane og ein stadig veksande borgarskap. Frå 1215 var kongen tvinga til å rådføre seg med representantar frå overklassen når nye skattar og lover skulle vedtakast. Dette minner om maktfordelinga mellom Stortinget og regjeringa slik vi kjenner henne i dag.

Høgmellomalderen – ei stordomstid for kven?

For den vanlege europeiske bonden, både i nord og i vest, var mellomalderen ei krevjande tid. Både lensherrane, kongane og kyrkja bestemte over dei åndelege og materielle kåra til folk. Skattepresset frå kongen auka stadig. Folketalet i Europa voks, og kampen for livsgrunnlaget hardna til. Arkeologiske utgravingar i Noreg viser ei rekkje nyrydningar av mindre eigna jordstykke mellom 1100 og 1350.

I europeisk målestokk var den norske adelen på langt nær så mektig som lenger sør i Europa. Eigedommane som adelen kontrollerte, var mindre og inntektene lågare. Norske lensherrar hadde ikkje undervasallar, det vil seie adel som stod under baronar eller grevar i status, til dømes slik som «lordane» i England. Liveigenskap fanst ikkje. Leiglendingane var heller ikkje stavnsbundne. Sjølv om talet på leiglendingar auka i Noreg, var talet på sjølveigande bønder større enn i dei fleste andre vesteuropeiske landa. Derfor er det ei vanleg oppfatning at det norske mellomaldersamfunnet ikkje var føydalt. Mykje taler for at den norske bonden hadde større fridom enn bøndene på det europeiske kontinentet.

Likevel gjorde folkeveksten at kampen om naturressursane hardna til i mellomalderen. Derfor er det verdt å spørje seg om omgrepet «stordomstid» er misvisande dersom vi vel å studere historia frå småkårsfolket sitt perspektiv.

Relatert innhald

Skrive av Nanna Paaske. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020