Stell og vedlikehald av høyreapparat - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Stell og vedlikehald av høyreapparat

Vi tek høyrselen for gitt heilt til han blir dårlegare. Omtrent ein million nordmenn slit med høyrselen. Både unge og eldre nyttar høyreapparat for å betre livskvaliteten.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Høyreapparat består av fire komponentar: mikrofon som fangar lyden, forsterkar som gjer lyden høgare, ein receiver/mottakar som sender den forsterka lyden inn i øyret, og eit batteri for straum. Høyreapparat treng jamleg vedlikehald for at dei skal fungere tilfredsstillande for brukaren.

  1. Sjå videoen Stell og vedlikehold av høreapparat. Høyreapparatet på filmen består av tre delar: øyreplugg, slange og batterideksel der òg forsterkaren er plassert.

    1. Kva for ein av desse skal reinsast jamleg?

    2. Kvifor kan det oppstå ein pipelyd etter reinsing?

    3. Kva er viktig å hugse når du hjelper ein brukar med å ta ut høyreapparatet for natta?

  2. Klikk deg inn på Hørselstesteren på nettsida til Hørselshemmedes landsforbund, og ta testen.

  3. Heile klassen skal vere musestille. Noter kor mange lydar de høyrer utanfor klasserommet. Samanlikn i klassen etterpå.

  4. Last ned appen "Spectroid" (desibelmålar) på mobilen. Gå på oppdagingsferd og noter deg både hertz (tonefrekvens) og desibel (lydstyrke) på lydar i nærområdet. Tips: Det er enklare å lese av verdiane viss du snur mobilen horisontalt.

Relatert innhald

Skrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2022