Behandling av kreft - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Behandling av kreft

Behandlinga av kreft varierer for dei ulike kreftformene og mellom ulike pasientar. Takk vere forsking kjem det stadig nye og betre behandlingsmetodar som verkar betre og har færre biverknader.

Kreftforeningen arbeider for at færre menneske skal få kreft, at fleire av dei som får kreft, skal overleve kreften, og for betre livskvalitet for kreftpasientar og pårørande deira. I denne oppgåva kan du bruke Kreftforeningens nettsider om kreft for å finne svar på spørsmåla.

  1. Ein kreftdiagnose kan medføre ulike psykiske reaksjonar. Kva råd gir Kreftforeningen for å meistre kvardagen?

  2. Les om dei ulike behandlingsmetodane for kreft. Lag eit tankekart for kvar av dei ulike behandlingsformene der du noterer stikkord om

    • når denne behandlinga blir brukt

    • korleis behandlinga går føre seg

    • korleis behandlinga verkar

    • biverknader av behandlinga

    • forsiktigheitsreglar før, under og etter behandling

    • andre forhold

  3. Etter avslutta kreftbehandling er det mange som opplever at livet ikkje blir som før på grunn av skadar etter sjukdommen eller behandlinga.

    1. Kva er vanlege seinskadar blant barn og unge?

    2. Kva er vanlege seinskadar hos vaksne?

  4. Kva tilbod har Kreftforeningen for pårørande til menneske som får kreft?

  5. Korleis kan du som helsefagarbeidar støtte personar som får kreft og dei pårørande før, under og etter behandlinga? Diskuter med ein medelev.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 02.08.2022