Oppgåve
Samsvarserklæring
Eit siste dokument som må vere på plass, er samsvarserklæring. Med dette dokumentet erklærer du at du har bygd anlegget i samsvar med gjeldande forskrifter og reglar.

Dokumentasjon er òg ein viktig del av jobben
Her kan du lese meir om kva ei samsvarserklæring er.
Erklæring om samsvar skal alltid overleverast eigaren før installasjonen blir teken i bruk, i medhald av forskrift om elektriske lavspenningsanlegg (FEL) § 12. For små jobbar kan samsvarserklæringa bli send saman med til dømes faktura, men då ikkje seinare enn tre veker etter ferdigstilling. Eigaren skal i medhald av § 13 i FEL oppbevare erklæringa i heile levetida til anlegget. Installatøren skal oppbevare ein kopi i fem år.
Oppgåve:
Fyll ut ei samsvarserklæring som er tilpassa anlegget ditt.
Her følgjer eit døme på ei samsvarserklæring:
- Samsvarserklæring NN(DOCX)
- Samsvarserklæring NN(PDF)