Hovudstraumskjema - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Hovudstraumskjema

Hovudstraumskjemaet er eit skjema som viser hovudstraumen i eit anlegg. Skjemaet kan teiknast som einlinjeskjema eller som fleirlinjeskjema. Einlinjeskjema blir brukt ved prosjektering og dimensjonering. Fleirlinjeskjema blir brukt når vi vil vise korleis eit elektrisk anlegg skal koplast.

Som oftast er det kontaktorstyring som fører spenning til ein motor. I hovudstraumen koplar ein òg motorvern som «føler» på kor stor straum som går til motoren, og som reagerer dersom det blir for mykje straum, altså overbelastning. I dette skjemaet er det òg teke med førekopla sikringar før motor.

Skrive av John H. Vijzelaar og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 09.09.2020