Robotisering før og i dag - Brukarstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Robotisering før og i dag

Robotteknologi har vore i bruk lenge, men har for det meste vore avhengig av detaljerte instruksjonar frå operatøren. AI-teknologi opnar for robotsystem som er meir fleksible, og robotar som tek omsyn til omstenda. Dette gjer robotar lettare å arbeide med, og det gir nye bruksområde.

Robotar blir brukte av mange produksjonsbedrifter i dag og gjer det mogleg å produsere varer raskare og meir nøyaktig enn dersom menneske skulle ha gjort dei same oppgåvene. I videoen under får du sjå nokre døme på korleis robotar blir brukte.

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Robotar har tradisjonelt vore best eigna til arbeidsoppgåver som kan gjerast på den nøyaktig same måten kvar gong. Eit døme på dette er ein sveiserobot på eit samleband. Robotane har vore avhengig av at alle stega dei skal gjere, er førehandsdefinert i koden.

Med smartare system og AI kan framtidige robotar i større grad overlatast til å løyse ei oppgåve i staden for å følge ei nøyaktig oppskrift. Dette gjer at vi enklare kan kombinere robot og menneskeleg produksjon og setje robotar til å gjere oppgåver som krev meir fleksibilitet enn dei tidlegare har kunna handtere.

I videoen under kan du sjå døme på robotar som kan arbeide i det same arbeidsområdet som menneske, og som bruker kunstig intelligens til å løyse spesifikke oppgåver.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022