Grensa mellom internkontroll og ADR-regelverket - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Grensa mellom internkontroll og ADR-regelverket

ADR-regelverket gjeld ved transport av farleg gods på veg og på område som er opne for alle. IK–HMS gjeld på veg og på område som er stengde for ålmenta.

Yrkessjåførar som handterer farleg gods, må følgje reglane i ADR-forskrifta. Ved transport må dei ha godkjent ADR-kompetansebevis for godset med den høgaste fareklassen.

ADR-forskrifta regulerer transport av farleg gods på veg som er open for ålmenta. Det inneber at når yrkessjåførar eller logistikkoperatørar handterer farleg gods på eit område som
er stengt for ålmenta, gjeld ikkje ADR-forskrifta, men internkontrollforskrifta.

Lovdata: internkontrollforskrifta

Skrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018