Oversikt over formeiring hos dyr - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppslagsverk og ordliste

Oversikt over formeiring hos dyr

Denne tabellen gir oversikt over formeiring hos ulike dyregrupper.
Formeiring hos dyr

Gruppe

Formeiring

Anna

Eksempler

Eincella dyr

Ukjønna: Todeling. Kjønna: To individ utvekslar genmateriale.

Flere encellede organismer kan gå sammen og danne kolonier.

Tøffeldyr, amøbar

Nesledyr

Ukjønna: Knoppskyting, fragmentering.

Kjønna: Anemonar og korallar er einkjønna. Gyter egg og sædceller i vassmassane. Ytre befrukting.

Maneter har generasjons-veksling.

Vekslar mellom kjønna og ukjønna formeiring.

Maneter, hydroidar,

sjøstjerner, anemonar

Flatormar

Ukjønna: Knoppskyting og todeling.

Kjønna: Tokjønna individ med indre befrukting.

Mange artar er avhengige av ein vert for å kunne fullføre livssyklusen sin.

Bendelormar, leverikter

Leddormar

Ukjønna: Todeling.

Kjønna: Tokjønna individ befruktar kvarandre innvendig. Legg eggkokongar.

Artar som lever i havet, er gjerne einkjønna.

Meitemark, børstemark, igler

Insekt

Ukjønna: Jomfrufødsel.

Kjønna: Einkjønna. Hannen overfører sæd til hoa sine egg. Innvending befrukting. Legg egg.

Hos bier utviklar hannane (dronene) seg frå ubefrukta egg.

Ukjønna: Bladlus, galleveps,

snutebiller

Kjønna: Sølvkre, augestikkarar, fluger, teger, biller

Fisk

Kjønna: Einkjønna individ har ytre befrukting og spreier egg- og sædceller i vassmassane (gyting). Haiar og rokker har indre befrukting.

Nokre fiskeartar (laks, aure) gyter ein annan stad enn der dei tek opp næring.

Laks, sei, torsk, hai

Amfibium

Kjønna: Padder og froskar har ytrebefrukting. Salamandrar har indre

befrukting.

Lever på land, men er avhengige av vatn for å kunne formeire seg.

Froskar, padder, salamandrar

Krypdyr

Kjønna: Einkjønna individ parar seg. Indre befrukting. Hoa legg egg.

Uavhengige av vatn for å kunne formeire seg.

Ormar, firfisler

Fuglar

Kjønna: Monogami (éin partnar) er vanleg. Hoa vel hann på bakgrunn av paringsritual. Indre befrukting. Legg egg.

Yngelpleie i reiret. Revirhevding med song.

Blåmeis, svane, tiur, struts, andefuglar

Pattedyr

Kjønna: Paring skjer i brunstperioden. Indre befrukting.

Yngelpleie. Kloakkdyr legg egg. Pungdyr utviklar seg i mora sin pung i siste del av svangerskapet.

Snømus, grevling, elg,

flaggermus, kenguru,

kloakkdyr

Relatert innhald

Fagstoff
Formeiring hos dyr e-førelesing

Denne e-førelesinga tek for seg korleis kjønna og ukjønna formeiring hos dyr skjer, frå dei enklaste eincella organismane til pattedyr.

Skrive av Thomas Bedin. Rettshavar: Biorender
Sist fagleg oppdatert 08.03.2022