Kvardagsglede

Tenk tilbake på dei siste dagane. Kjem du på nokon små lyspunkt som gjorde dagane dine finare? Det er ofte ikkje så mykje som skal til for at ein heilt vanleg dag blir litt betre, og det er ganske mykje du sjølv kan gjere for å få meir glede i kvardagen.
Dei fleste av oss veit kva vi må gjere for å få betre fysisk helse. Vi må trene og ete sunt – helst “fem om dagen“ – som er fem porsjonar frukt, bær eller grønsaker. Men visste du at forskarar har funne fram til fem grep som kan betre den psykiske helsa di? Det er fem grep for auka kvardagsglede som gjeld alle menneske, uavhengig av alder, kjønn og bakgrunn, og desse grepa er:
Ver merksam.
Ver aktiv.
Hald fram med å lære.
Knyt band.
Gi.
I denne casen skal du lære meir om desse fem grepa og utforske korleis dei kan hjelpe deg og dei du kjenner. Korleis kan de ved hjelp av små grep oppleve auka kvardagsglede?
Du kan jobbe med dette temaet på ulike måtar. Saman med artiklane finn du forslag til fleire oppgåver og øvingar. Vi har samla ein artikkel og ulike oppgåver i læringsstien "Kvardagsglede". I denne læringsstien skal du
reflektere over kva som gir deg og andre menneske glede i kvardagen
få kunnskap om dei fem universelle grepa for auka kvardagsglede
lage klasseromsplakatar om auka kvardagsglede
gjennomføre ein plan for auka kvardagsglede i ditt eige liv
De kan gå gjennom alle oppgåvene og artiklane i læringsstien eller velje ut enkelte delar.
Dette emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, og læringsstien eignar seg godt som ein introduksjon til temaet psykisk helse.
Mange av artiklane og oppgåvene i dette tverrfaglege emnet er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skulen.