Som servitør skal du kunne klargjere lokale, dekkje opp og servere.
Det er mange måtar å dekkje eit bord på. Oppdekkinga vil variere avhengig av bordtype, høve, meny og serveringsmåte.
I dette emnet vil du få kunnskap om kva service er, og om korleis du kan yte god service til ulike typar gjestar, basert på deira forventingar og behov.