Fjørfe
Fjørfe er ein samlenemning på alle fuglar innan husdyrproduksjon. Kyllingar, høner, kalkunar, ender og gjæser er alle fjørfe. Vi held fjørfe for å produsere kjøtt og egg. Det er mange ulike rasar å velje mellom, men her vil vi berre ta for oss dei viktigaste fjørfeproduksjonane i Noreg.
