Idretter - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald

Idretter

Historia til idretten går fleire tusen år tilbake i tid. Kinesarane dreiv med idrett for 4000 år sidan, og dei gamle egyptarane dyrka idrettar som symjing, fisking, spydkast, høgdehopp og bryting. Den "moderne" idretten, derimot, oppstod først i England på 1700-talet.