Hopp til innhald

Kognitiv utvikling og hjernens funksjon

Kognitiv utvikling handlar om korleis vi utviklar evnene våre til å omarbeide sanseinntrykk, tenkje og til å løyse problem. Det å vite korleis hjernen reagerer i møte med ulike ytre stimuli, er nyttig for å kunne hjelpe og støtte barn og unge på best mogleg måte.

Ei jente og ein gut sit saman på golvet og byggjer med store, fargerike plastbitar som kan bli sette saman. I bakgrunnen sit ei jente ved ein pult. Foto.