Måltider og matlaging
I dei fleste institusjonar der barne- og ungdomsarbeidaren kan jobbe, er måltid ein viktig del av kvardagen. I arbeidet ditt må du derfor kjenne til dei nasjonale tilrådingane om kosthald og ernæring. Du skal òg planleggje og lage enkle måltid saman med barna.