Realistisk litteratur i Norge 1900–1945
Den realistiske litteraturen dominerte norsk litteratur første halvdel av 1900-talet. Mykje av litteraturen som blei gitt ut fram til 1930, kallar vi for "nyrealistisk". Det var tradisjonell litteratur som ofte handla om etiske problemstillingar. Også lyrikken var prega av tradisjonalistisk stil.