Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Lær om opphavet til dyra, biologi og om naturgrunnlag i dyrefaget. Du får lære om åtferda og spesielle behov hos artane, om dyrevelferd og dyrehelse.
I emnet lærer du om fôring, stell og handtering av ulike artar. Du lærer òg om utstyr, anlegg og HMS og særskilde oppgåver i dei ulike yrkesretningane.
Dyrenæringa er mangfaldig og spesialisert. I emnet lærer du om tydinga og verdiskapinga til næringa, økonomi, kvalitet, lovgiving, miljø og berekraft.