Referansar i kunst
Å bruke eit kunstverk som referanse vil seie at du hentar inspirasjon og bruker element eller idéar frå det verket i ditt eige skapande arbeid. Ein referanse skaper eit samband mellom det nye og det tidlegare verket. Det føreset at betraktaren kjenner igjen verket du refererer til.