Historiesyn og bruk av historien - Historie (vg3) - NDLA

Hopp til innhald

Historiesyn og bruk av historien

Historiske periodar og hendingar har vore brukte på ulike måtar opp gjennom historia. Kan historia utnyttast, og korleis? Korleis blir vi påverka av historiesynet til historikarane? Og ser vi i for stor grad på historia med dagens briller? Dette er spørsmål vi skal jobbe med her.

Måleri frå den norske fjellheimen. Ei ung budeie i bunad står med ein lur og ser mot fjellet. Rundt henne er det ei rekkje andre unge kvinner, geiter, kyr og sauer. Alle kvinnene jobbar.