Som helsefagarbeidar treng du kunnskap om korleis du kan auke motivasjonen hos ulike pasientar og brukarar til å ta vare på eiga helse og livskvalitet.
Kvardagsmeistring handlar om kva som er viktig for den enkelte si oppleving av meistring og ressursar for å handtere aktivitetane i dagleglivet.
Folkehelsearbeid omfattar både tiltak for å fremje helsa og trivselen til befolkninga og tiltak for å verne mot helsetruslar og sjukdommar.
Miljøarbeid og miljøterapi handlar om systematisk bruk av fysiske, psykiske og sosiale faktorar i miljøet som ein del av helse- og omsorgsarbeidet.