Hopp til innhald
Nynorsk

Avvikling

Når det nærmar seg slutten av skuleåret, er det tid for å avvikle ungdomsbedrifta. Formelt gjer de dette ved å skrive årsrapport, halde generalforsamling og melde frå om sletting til Brønnøysundregistera. Men først må de avslutte drifta, tømme varelageret og seie opp avtalar.