Hopp til innhald
Nynorsk

Munnleg case –Fly Chicken


Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen marknadsføring og leiing 2.

Case: Fly Chicken

Denne førebuingsdelen kan vere fin å bruke som om han skulle vore ein reell munnleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå retningslinjer for munnleg eksamen nedanfor.

Retningslinjer for munnleg eksamen

To vyrkedagar før eksamen får du som elev vite om du er trekt ut i faget.

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • Førebuingstid: 24 timar

  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel med case, relevante kompetansemål og vurderingskriterium. Du får ikkje få vite kva for spørsmål som vil bli stilte under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Sjølve presentasjonen, som er laga i førebuingstida, inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget på eksamen. Men kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon på eksamensdagen, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen går føre seg utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til casen som er gitt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som er oppgitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Vurderingskriterium

Ta gjerne utgangspunkt i forslaget vårt til vurderingskriterium for lokalt gitt munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 2.

Kompetansemål:

  • velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger

  • drøfte og begrunne ulike faktorer som påvirker målgruppevalg

  • vurdere og utvikle kommunikasjonsstrategier, utforske dagsaktuelle kommunikasjonskanaler og planlegge mediemiks

  • vurdere lederens rolle og funksjon i utviklingen av markedsstrategi og i internmarkedsføring

  • utvikle og begrunne helhetlige markedsstrategier og drøfte etisk bruk av konkurransemidler

  • vurdere bærekraftige valg for virksomheter med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 19.05.2025