Diskurs
Diskurs handlar om mønster i måten vi snakkar om verda på. I dette emnet lærer du om diskursteori og korleis du kan gå fram når du skal gjere ein diskursanalyse.
Norman Fairclough utvikla teorien og metoden som blir kalla kritisk diskursanalyse. Denne modellen viser dei tre nivåa som er med i ein slik analyse. Modellen er tilpassa frå Fairclough (1995, 98). Bilete: Norman Fairclough / CC BY-NC-SA 4.0