Drift på terminal og lager - NDLA

Hopp til innhald

Drift på terminal og lager

I dette emnet skal vi sjå nærmare på grunnleggjande prinsipp for effektiv drift av lager og terminal og på logistikk og transport av varer og tenester.

Når vi snakkar om effektiv drift på terminal og lagar, meiner vi korleis vi planlegg og sørgjer for at aktivitetar skjer til rett tid, av og med dei rette menneska, med dei riktige varene og med den hjelpa vi treng for å kunne gjere vår del av jobben.

Vi vil sjå nærmare på dei ulike nettverka våre (veg, bane, sjø, luft og røyr), korleis logistikken går føre seg, og korleis transporten er løyst der.

Skrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021