Lys, lysstyring og stikkontaktar
I dette emnet skal du lære å installere ulike lyskjelder og dei vanlegaste lysbrytarane som blir brukte i bustader. Du skal òg lære korleis du koplar opp anlegg, både open og skjult installasjon, og du skal bli kjend med alt av relevant koplingsmateriell, både kabel, verktøy og anna utstyr.

Ein elektrikar utfører ein open installasjon. Bilete: Jens Sølvberg / CC BY-NC 4.0