Hopp til innhald

Rognebærgele

Rognebærgelé er populær til viltmat. Bæra blir gjerne plukka etter første frostnatt. Eitt døgn i frysaren gjer same nytta.

  • 1 kg rognebær
  • 1,5 dl vatn
  • 800-900 g sukker pr liter saft


Reins og skyll bæra. Kok opp vatnet, og la bæra koke under lok i 10 minutt eller til dei saftar seg. Sil blandinga gjennom eit klede til det sluttar å drype.(Du kan òg bruke dampkokar eller koke bæra i vassbad. Då blir safta klarare.)

Mål opp safta og la den koke i 5 minutt. Tilset sukker etter kvart. Sukkeret må blandast i slik at det løyser seg opp. Kok så geléen forsiktig i ca 20 minutt utan lok og utan å røre.

Gjer geléprøva: Tøm litt gelé på ei skål og avkjøl den. Test konsistensen med ei teskei. Dersom geléen er ferdig kokt, tek du kjelen av varmen nokre minutt før du skummar godt. Hell på varme glas, helst slike som geléen kan kvelvast ut av.

Når geléen er kald, legg vi eit lok av smelta syltevoks over, eller bruk skrukork og lukk glaset med ein gong. Lagrast kjølig.

CC BY-NC-SASkrive av Uteskoleveven.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017