Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

Omsettingsøving 1

I denne omsettingsøvinga skal du ha særleg merksemd på substantivbøying.

Nokon nyttige reglar om substantiv

  • Dersom du er i tvil om substantivet er hankjønns- eller hokjønnsord, sett det i bestemt form eintal: jent-a, gut-en. Dersom det høyrest riktig ut med a-ending, er det stort sannsyn for at det er eit hokjønnsord. Men høyrest a-ending heilt rart ut, er det nok eit hankjønnsord. Samanlikn: Veska er ny. *Stola er hard.
  • Ord på -ing er hokjønnsord, men dei får hankjønnsendingar i fleirtal:
    ei setning – setninga – fleire setningar – alle setningane
  • Alle inkjekjønnsorda blir bøygde som bokmålsordet “barn”:
    eit barn – barnet – fleire barn – alle barna

Omsettingsøving

  1. Det er ikke uvanlig å slite litt med å bøye substantiver på nynorsk.
  2. Mange synes for eksempel at intetkjønnsordene er utfordrende.
    (Slå opp verbet å synast!)
  3. Men det fins også mennesker som klarer det helt greit.
    (Slå opp verbet å finnast!)
  4. De skriver både “alle menneskene” og “flere virkemidler” riktig på nynorsk.
  5. Det hadde vært en morsom utfordring å be alle elevene skrive en oversettelse helt uten feil på substantivene.
  6. Da tenker jeg lærerne hadde jublet, elevene hadde vært stolte og foreldrene hadde smilt.
  7. Alle de gode karakterene hadde nok imponert rektoren også.
  8. Kanskje kunne både guttene og jentene fått flere seksere på eksamenene sine?
  9. Det ville være en bedring fra i fjor, da snittene i alle klassene var på under 3.
  10. Men feriene har vi alle godt av, uansett.
  11. Da skal vi ha ulike sommerjobber og tjene nok til å besøke alle landene i Europa.

Forslag til omsetting

Vi har laga eit forslag til korleis setningane kan omsettast. Samanlikn gjerne omsettinga di med forslaget vårt. Men vent med å kikke til du er ferdig med omsettinga di, elles lærer du ikkje særleg mykje!

Relatert innhold

Ei side med forslag til svar på omsettingsøvingane i læringsstien "Omsettingsøvingar".

CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 13.05.2019

Læringsressurser

Frå bokmål til nynorsk