Hopp til innhold

Fagstoff

Kva er an-be-het-else-ord?

An-be-het-else-ord kallar vi dei orda som begynner på an- eller be-, eller som sluttar på -het eller -else. Dei er svært vanlege i bokmål. I nynorsk blir dei ikkje brukte like mykje.
Bryggen i Bergen. Fargerike trebygg som står tett i tett. Folk som kikkar på husa eller spaserer forbi. Foto.

Eit spørsmål om språkimport

Da Ivar Aasen laga nynorsken, prøvde han å unngå ord som starta på an- (antall) og be- (bebreide), og dei som enda på -het (vanskelighet) og -else (forelskelse). Årsaka var at desse orda var lånte inn frå tysk, og at dei trengde bort norske ord med same betydning. Aasen ville helst lage eit skriftspråk der ordforrådet var mest mogleg norsk.

Vi kan bruke an-be-heit-else-ord på nynorsk, men vi bør ikkje bruke dei for mykje. Ofte finst det gode alternativ, og da bør vi velje desse i staden. Ordet betydning som vi har brukt ovanfor, er eit godt eksempel: Vi kan skrive betydning på nynorsk og vi finn ordet i Nynorskordboka, men vi treng strengt tatt ikkje forstavinga be- for å lage substantivet. Tyding fungerer heilt fint!

Korleis kom an-be-het-else-orda inn i det norske språket?

Det er faktisk ganske lenge sidan an-be-het-else-orda kom inn i det norske språket. Dei som må ta “skylda” for denne ord-importen, er hanseatane. Den tyske hansaen var eit forbund av nordtyske byar som dominerte handelen i Nord- og Austersjøområdet mellom 1300 og 1450. Kjøpmennene frå desse byane blei kalla for hanseatar.

Hanseatane dreiv handel også med Noreg, dei kjøpte tørrfisk og selde mellom anna salt, korn og øl. I Bergen blei tørrfisken lasta om og send vidare. Her hadde hanseatane eit såkalla kontor, ein stor handelsstasjon. Tyskarane budde i ein eigen bydel, og dei var mange! På 1300-talet utgjorde dei ein tredel av folketalet i Bergen, (men så budde det også berre rundt 10 000 menneske i Bergen i mellomalderen). Også i Oslo og Tønsberg var det tyske handelsfolk. Der fanst det såkalla faktori, mindre handelsstasjonar.

Språket til hanseatane var nedertysk, og gjennom den langvarige kontakten mellom nordmenn og hanseatar kom tusenvis av nedertyske ord inn i det norske språket, og ikkje minst forstavingane an- og be- og etterstavingane -het og -else!

Øving

Kan du finne gode nynorske alternativ til an-be-het-else-orda nedanfor? Lag forslag. Fasiten får du i e-forelesinga.

  1. Antall
  2. Vanskelighet
  3. Ærlighet
  4. Bebreide
  5. Skjønnhet
  6. Trygghet
  7. Frihet
  8. Forelskelse
  9. Forkjølelse
  10. Opprinnelse
  11. Oppdragelse

Relatert innhold

Ei side med forslag til svar på omsettingsøvingane i læringsstien "Omsettingsøvingar".

CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 15.05.2019

Læringsressurser

Frå bokmål til nynorsk