Hopp til innhold

Litterære tekster

Stupeteknikk

I denne novella av Ingrid Senje møter du ei jente som stuper – på flere måter.
Mann som stuper ned under vann. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Det er ikkje alt ein kan kontrollere. Noko sit i kroppen frå fødselen av, som ein refleks i musklane eller signal frå hjernen. Sånn som dette med å vere redd for høgder. Det er viktig å ikkje sjå ned når du står på stupebrettet. Du kan sjå opp mot taket, eller feste blikket på eit punkt på veggen. Det handlar om å samle fokus. Profesjonelle stuparar har ein eigen rutine, som dei alltid gjentar før dei stuper. Det kan vere antalet skritt på brettet, eller korleis dei løftar føtene. Før det perfekte stupet skal hovudet vere reinska for andre tankar, det einaste som skal finnast er svevet.

Den skarpe lukta av klor slår mot ho når ho kjem inn i symjehallen, det er ei lukt ho forbinder med stupinga. Den tunge fuktigheita når ho trekkjer pusten der inne, det varme som stig opp i nasen.

Ho kan sjå han ved enden av bassenget, stupetrenaren, i den korte, grøne shortsen. Den som strammar litt over låra når han bøyer seg, som sit ganske langt ned på hoftene. Han må ha vore i bassenget, for det dryp frå beina hans, vatnet dannar dammar på flisene.

Ho ser på han mens ho samlar opp håret, set det opp i ein knute i nakken. Ho har den nye badedrakta på, den ho valde ut i sportsbutikken, ho tenkte på han mens ho prøvde den. Ho snudde seg i små halvsirklar mens ho stod framfor spegelen, for å sjå den frå alle vinklar. Den har skjeringa høgt oppe ved hoftene, lyst stjernetåkemønster over bringa.

Det tar nokre sekund før han får auge på ho, og då blæs han i fløyta, ber jentene samle seg langs kanten. Han snakkar til dei med roleg stemme, gir beskjedar om kva dei skal øve på. Ho steller seg fremst når dei skal danne køen bak bretta, stryk handa langs sida av drakta. Ho blir ståande på brettet til ho ser at han snur seg, vil vere heilt sikker på at han ser på. Den varmande kjensla av blikket hans mens ho tar sats, mens kroppen hennar skjer gjennom lufta. Men når ho snittar vassflata, er det noko som skurrar, ho kjenner motstanden i vatnet presse mot aksla.

Han står og ser på frå tribunen då ho kjem opp frå vatnet, ei rynke har lagt seg mellom bryna hans.

– Du må stramme i ribbekassa, seier han mens ho sym mot kanten, – du må halde akslene stabile.

Ho kan høyre nokon fnise mens ho klatrar opp på kanten, ho kjenner det knyte seg i magen.

Det er viktig å halde seg stabil når du er i lufta, og ikkje byrje å skeine til sida. Det kan hjelpe å sikte seg inn mot eit punkt, på veggen eller nede i bassenget. Du kan finne ein prikk eller ein skøyt mellom flisene, sjå for deg at det er noko der nede. Det kan vere noko verdfullt, som eit gullkjede, eller ei kiste med pengar. Når du står på kanten, festar du blikket på ho, og så held du det fast ut i svevet.

Ho bruker å tenkje på han når ho står i dusjen. Mens ho trekkjer badedrakta ned og stryk handa over magen, at han plutseleg berre står der. Viss ho lukkar auga, kan ho tenkje at det er fingrane hans, dei harde vasstrålane mot huda. Ho kan tenkje det heime òg, sjølv om ho veit at han ikkje er der, viss døra til badet er ulåst. At han opnar døra og lèt dampen sleppe ut, stikk hovudet inn og ser på ho.

Ho veit at han liker det når ho rettar opp ryggen, at det får blikket hans til å kvile lenger. Ho bruker alltid å stramme i magen når ho nærmar seg brettet, strekkje seg oppover på tærne. Men no vender blikket hans i andre retningar, ho trekk inn pusten og ventar.

– No er det siste stupet! roper han når køen blir kortare, ho mumlar at nokon kan gå framfor ho.

Det hender han kjem bort til ho viss ho blir att etter treninga. Det er ikkje alltid ho kan det, for iblant ber stefaren ho skunde seg. Han kjem og steller seg framfor glasruta mellom atriet og symjehallen, står der og ser på gjennom glaset. Når treninga er ferdig, slår han handa mot vindauget, peiker med fingeren på klokka. Ho går i garderoben med ein gong dei dagane, skundar seg i dusjen og med skiftinga.

Men oftast er det ho som ventar. Som står utanfor symjehallen med handkledet i handa, mens håret frys saman til tappar. Som seier at det har gått fint når han spør ho om treninga, at ho ikkje har venta så lenge. Som sit og skjelv i det glatte skinnsetet, til han skrur opp varmen i bilen.

Nei, det er betre å bli att i hallen då, mens dei andre spring mot garderoben, bli hengande att litt tilfeldig. Kanskje har ho lagt att handkledet sitt. Kanskje ville ho berre ta eit siste stup der. Og så står han plutseleg ved sida av ho, gnir hendene mot badeshortsen, seier ting som: Vi må spisse litt meir på teknikken eller Det handlar om å behalde kontrollen. Ein gong la han handa på aksla hennar mens dei stod sånn, strauk ho langsamt nedover armen. Berøringa blei sitjande att i huda hennar då, sjølv etter at ho sette seg i bilen.

Ved eit perfekt stup skal det ikkje sprute når du treffer vatnet. Kroppen skal skjere som ei pil gjennom vassflata , som ei saks gjennom tynn og fin silke. Det kan hjelpe å tenkje på kroppen som ei oppspent line, som noko som er stramt, men tøyeleg. Det er berre sjølve vassflata som er hard, ei hinne du kan sprekke med fingrane.

Ho blir ståande ved handkleda mens jentene forsvinn inn i garderoben, blir ståande og fikle med stoffet. Det er berre dei to i den store symjehallen då ho ser opp att, berre vatnet og flisene og dei to. Og då bestemmer ho seg likevel, bestemmer seg for å ta sjansen. Ho steller seg heilt ytst på det lågaste stupebrettet, held armane høgt over hovudet. Ho veit at han ser på mens ho er i svevet, at stupet trekkjer blikket hans til seg.

Når ho kjem opp av vatnet, er føtene hans på bassengkanten, ho lèt blikket følgje beina oppover. Dei mørke håra på leggane hans, dei blir kortare og lysare over knea. Den grøne, våte badeshortsen som klistrar seg til låra, den vesle, mørke stien mot navlen. Han strekkjer ut handa for å hjelpe ho opp, dreg ho til seg når ho kjem opp på kanten.

– Det var mykje betre, seier han. – Du må berre halde fram med øvinga.

– Eg veit at eg kan klare det, seier ho og legg handa på hofta, – men eg skjønner ikkje kvar eg skal stramme.

Ho tar eit skritt mot han, står heilt inntil han no, ho veit at det berre er dei to der.

– Kanskje du kan vise meg kvar, seier ho og tar handa hans, – Det er så mykje enklare når du viser.

Og så gjer han det, nett sånn som ho tenkte, legg handa mot den mørke, våte drakta. Ho strammar musklane då, gjer seg hard mot den mjuke handa.

– Her? seier ho og legg handa på handa hans, – eller endå litt høgare?

Han gjer ikkje motstand når ho flyttar på handa, når ho stryk den oppover mot bringa. Ho held blikket festa på shortsen hans mens ho kjenner trykket, der den strammar innover mot låra. No er det som i dusjen, tenkjer ho, det er no det endeleg skal hende.

Det er viktig å halde seg så rett som mogleg mens du skjer gjennom vatnet, men når kroppen er under, kan du sleppe opp. Nokre stuparar trivst med å symje under vatn, mens andre vil fortast mogleg opp att. Dei kan kjenne ein trong til å trekkje pusten så snart dei er under, la klorvatnet strøyme inn i nasen. Det kan kjennest som om alt går i sakte film på veg opp att, som om øyra kjem til å sprengast. Sjølv røynde stuparar kan få denne kjensla, men dei veit å halde det inni seg. Dei rører seg med flytande rørsler, bryt vatnet som hoppande delfinar.

Den varme handa på den våte drakta, ho kan kjenne det brenne gjennom stoffet. Ho lukkar auga og knip saman leppene, stenger lydane frå symjehallen ute. Men så trekkjer han handa tilbake, rett før han sneiar ribbeina, det er noko som får han til å stoppe.

– Det står nokon og ser på oss, seier han, og då høyrer ho kakkinga, over lyden av det rislande vatnet.

Ho kan kjenne det som ein knute i magen, at stefaren har kome, ho treng ikkje snu seg for å sjå det. At han har sett på dei der inne, at han har skjønt det no, at blikka har møttest gjennom glaset.

– Eg er lei for det, seier ho, og då kjem rynka mellom bryna hans, han seier: – Kva er det å vere lei for?

Ho veit at han ser etter ho mens ho spring mot garderoben, ho kan kjenne blikket hans på rumpa. Han har plukka opp handkledet når ho snur seg for å sjå etter han, har slengt det over venstre aksel.

– Du seier frå viss det er noko, Anna? roper han etter ho. – Viss det er noko som er gale?

Ho nikkar berre kort før ho lukkar døra til garderoben, til dei tomme og flisdekte dusjane. Ho trekkjer drakta nedover magen mens ho skrur på vatnet, skrur krana heilt rundt mot det blåe.

Kilde

Hofstad Evjemo, Eivind (red). Signaler 2018 (1.utg). Oslo: Cappelen Damm

Relatert innhold

Begrenset brukSkrevet av Ingrid Senje.
Sist faglig oppdatert 07.08.2020

Læringsressurser

Episk diktning