Hopp til innhold

Litterære tekster

Regi

I denne fortellinga har forfatteren Oddny Bjordal brukt minner fra egen barndom og opplevelser hun har hatt som lærer. Teksten er fra 1992.
Unge som sitter på en trestubb i et skogsområde og støtter ansiktet i hendene. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Regi

"Nei, det var ikkje eg som gjorde det. Eg orkar ikkje slikt. Det byr meg i mot. Eg får meg ikkje til det rett og slett. Slik har det alltid vore. Det var ikkje eg som stussa halen på katten, reiv vengene av levande fluger eller spidda sniglar på spisse pinnar. Det var dei andre småungane. Men det var eg som tenkte det ut.

Bror min var lett å be. Han var to år dummare og modigare. Ikkje var han så god til å forklara seg heller – i alle fall ikkje når eg hadde forklart meg først. Han var ikkje så flink til å få orda til å henga i hop som eg var – alt då. Eg fortalde glatt ei løgn meir truverdig enn han fortalde sanninga. Og så vart han sint og fortvila og begynte å rota og gå i surr. Tosken. Medan eg stod like roleg og såg folk alvorleg rett inn i auga. Visste eg ville vinna.

Dei fleste vaksne gjekk fem på. Barnehagetantene, lærarane, far min. Men ikkje mor mi. Endå ho nok gjerne ville: tru meg – hjelpa meg – dekka meg. Det var som ho hadde skuldkjensle for den helvetes foten min, endå det var medfødd. Eg såg det i auga hennar, dette såre, hjelpelause som eg hata – og brukte.

Skulen var lett. Eg kunne setja av mykje tid til å finna på og organisera store ting medan eg tok på meg eit lyttande ansiktsuttrykk. Disiplar med svak nok ånd og villig nok kjøt til å utføra dei geniale planane mine fann eg alltid. Å få dei til å tru at dei hadde funne på det meste sjølve, var min minste kunst. Tommelen opp og eit aldri så lite nikk når dei såg i mi retning under eller etter ei skjennepreike, var nok til å overtyda dei om at dei var faen til tøffingar som stod for meir enn ein støyt.

Eg begynte ikkje å plaga jenter før i tretten-fjortenårsalderen. Det vil seia: Det var ikkje eg. Det var gjengen. Ikkje plaga me dei heller, for så vidt – til å begynna med. Og det er gale å seia "dei", for det var alltid berre ei om gongen. Dessutan hadde dei godt av det – dei ekle suggene.

Førebuingane likte eg godt. Det gjaldt å byggja opp stemninga – over tid: Gje små hint til ein som ikkje ville gje dei vidare, fyra opp under når eg høyrde dei att. Og så – planlegging og organisering, utveljing av aktørar. Bilda klare i hovudet. Ei dirrande spenning vatt på seg i magen min. Framføringa nærma seg.

Offeret var aldri tilfeldig valt. Heller ikkje når det gjaldt Angela. Ho var stor, feit og svært lite engleaktig – unnateke blikket, som var blått og tåpeleg truskuldig, som på ei ku – ei engleku, ha-ha.

Angela gjekk i spesialklassen. Eg hadde komme til å streifa den nakne armen hennar ein dag eg passerte henne i korridoren – svært ufrivillig. Angela veiva alltid slik når ho gjekk, kursen var ikkje heilt stø. Huda hennar var fuktig, og etterpå meinte eg ho hadde vore sleip og slimete – som sniglehud. Eg kunne spydd.

Nei, det var ikkje eg. Morten var det. Ja. Leif og Arne heldt. Men det var Morten som "spidda", som pirka og rispa i det sleipe blautdyret. Som ho grylte, purka. Herleg. Snart ville ho vera klar for neste scene. For truinga, skremminga, den verkeleg raffinerte torturen. Og då skulle hovudrolle-innehavaren gjera entré. Eg skalv og sveitta. For eit skodespel det skulle bli – i stemma hennar – i ansiktet – i auga.

Men så var det Morten, den dusten. Han som endå skuldar meg for tre stilar. Han sende heile forestillinga rett i dass. Slengde pinnen, skubba vekk dei to andre, gav Angela ein dytt så ho fór snublande og ulande ned stien. Snudde seg og såg meg trassig rett i auga.

Morten – bror min – som er to år dummare og modigare enn eg."

Relatert innhold

Oppgaver til novella "Regi" av Odny Bjordal.

CC BY-NC-NDSkrevet av Odny Bjordal.
Sist faglig oppdatert 10.01.2019

Læringsressurser

Episk diktning