Kva kan du frå før om genitiv?
Sjekk kunnskapane dine om genitiv, og ta ein liten repetisjon om nødvendig.
Kva er genitiv?
- Genitiv er er ei form av substantivet som markerer kven som eig noko: Emilies moped, kongens tale, Noregs statsminister. Vi kan spørje: Kven sin moped? Kven sin tale? Kven sin eller kva for ein statsminister?
- Vi dannar genitiv ved å legge til endinga -s til substantivet. Derfor snakkar vi også om s-genitiv.
- S-genitiv bruker vi i både bokmål og nynorsk, men han er meir vanleg i bokmål. Når vi skriv nynorsk, vel vi ofte andre uttrykksmåtar.
- Vi kan for eksempel skrive Emilie sin moped, talen til kongen eller den norske statsministeren. Desse uttrykksmåtane kan vi fint bruke på bokmål også.
- Ved ord som endar på -s, -x eller -z er omskriving med sin vanleg i både bokmål og nynorsk: Johannes sin sykkel, Netflix sin nye serie.
- Ver merksam på at vi aldri bruker apostrof-teikn (') ved genitiv i norsk. Det gjer vi berre i engelsk: Emily’s scooter, the King’s speech.
Øving
Når er det greitt å bruke s-genitiv på nynorsk? Og kva for andre måtar finst det for å uttrykke eigedomsforhold? Dette vil du få svar på i e-forelesinga om genitiv, men prøv deg først med eit kritisk blikk på frasane under. Dei er alle brukte i e-forelesinga.
- Finst det nokon bokmålsfrasar her som høyrest litt “stive” ut i øyra dine? Kva for nokon i tilfelle? Kva ville du sagt i staden?
- Vurder kva for frasar (uttrykk) som godt kan stå med s-genitiv også i nynorsk.
- Foreslå omskrivingar for dei frasane der s-genitiv er mindre heldig på nynorsk.
- Lenes katt
- husets vegger
- klubbens spillere
- Petters kake
- tantes bil
- husets vegger
- skolens administrasjon
- bussens passasjerer
- bilens tilstand
E-forelesing om genitiv: Genitiv
CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 04.06.2019