Hopp til innhold
Du er nå inne i en læringssti

Oppgaver og aktiviteter

Kva er sterke verb?

Før du skal i gang med å lære om sterke verb, skal du friske opp nokon fagomgrep. Kva hugsar du frå før?
Grunnleggande fagomgrep om verb
  • Verb er ord som beskriv noko som hender: gå, sovne, sitte.
  • Infinitiv er grunnforma av verbet. Infinitiven kan du sette infinitivsmerket å framfor: å skrive.
  • Verbet har ulike tidsformer:
  • Presens bruker vi om det som skjer no og om det som gjeld uavhengig av tid: Eg jobbar no. Månen går i bane rundt jorda.
  • Preteritum bruker vi når vi fortel eller gjer greie for noko som har hendt, og særleg når vi oppgir eit tidspunkt: I går drog vi på ekskursjon. Preteritum er også tidsforma vi bruker i skjønnlitterære forteljingar: Det var ein gong ein konge ...
  • Presens perfektum bruker vi også om noko som har hendt, men meir for å slå fast faktum: J. K. Rowling har skrive Harry Potter-bøkene. Eller vi kan framheve at vi er ferdige med noko: Eg har gjort leksene. Presens perfektum kan også vise at ei handling ikkje er avslutta: Han har budd i Oslo sidan 2018.
  • Rota til eit verb er det vi står igjen med når vi har tatt vekk endinga. Rota ber betydninga: Vi veit kva ordet betyr når vi ser rota. Eksempel: lev- (rot), lev-e (infinitiv), lev-er (presens), lev-de (preteritum), lev-d (perfektum partisipp).
  • Rotvokalen er, som namnet seier, vokalen i rotstavinga. Verbrota lev- har for eksempel e som rotvokal.
  • Vi deler inn verba i to hovudgrupper etter måten dei blir bøygde på: sterke og svake verb.

Kva er sterke verb?

Det er særleg tre trekk som kjenneteiknar sterke verb:

  1. Dei har ikkje ending i presens og preteritum: å synge – eg syng – eg song.
  2. Dei endrar rotvokal i preteritum og i perfektum partisipp: eg finn – eg fann – eg har funne. Enkelte sterke verb endrar rotvokal også i presens: å komme – eg kjem, å fare – eg fer.
  3. Perfektum partisipp endar til vanleg på -e: har sunge, har brote, har skrive osb.
Og kva med dei svake verba?
  • Svake verb har ending i presens: eg kjøp-er, eg kast-ar.
  • Dei har ending i preteritum: eg kjøp-te, eg kast-a.
  • Dei har same rotvokal i alle tider: eg kjøper – eg kjøpte – eg har kjøpt.
  • Perfektum partisipp av svake verb endar på -t, -d eller -dd: har kjøpt, har levd, har trudd.

Øving 1

Under ser du nokon setningar. Dei er skrivne på nynorsk, med unntak av verba. Kan du sette verba om til nynorsk? Ikkje bruk ordbok, berre noter korleis du trur orda skal skrivast. Fasiten får du du i e-forelesinga.

  1. Simen leste ei bok.
  2. Lokman skriver i dagboka si kvar dag.
  3. Maria bryter mot verdsmeistaren.
  4. Sara satt på bakarste rad.
  5. Vi har sunget bursdagssongen for mor.

Parverb

Parverb er verb som kan bøyast på to ulike måtar, sterkt og svakt. For å forstå kva for bøying du skal velje, må du vite to ting, nemleg

  • korleis du finn subjekt, verbal og direkte objekt i ei setning
  • kva vi meiner med transitive og intransitive verb

Øving 2

Veit du allereie kva subjekt, verbal og direkte objekt er? Prøv deg på øvinga under for å sjekke.

Fekk du alle rett? Da veit du antakeleg kva subjekt, verbal og direkte objekt er i ei setning. Dersom du fekk noko feil, bør du lese forklaringa og kanskje gjere øvinga ein gong til før du går vidare.

Subjekt, verbal og direkte objekt
  • Setningar består av setningsledd som har ulike oppgåver.
  • Verbalet er alltid eit verb og uttrykker handlinga:
    Eg ser. Vi et. Du kjøper.
  • Subjektet er til vanleg den som utfører handlinga.
    Eg ser. Vi et. Du kjøper.
  • Det direkte objektet er den eller det handlinga rettar seg mot:
    Eg ser han. Vi et middag. Du kjøper ei bok.

Transitive og intransitive verb


No veit du kva verbal, subjekt og direkte objekt er. Da kan du også forstå kva som er forskjellen mellom transitive og intransitive verb.

Sjå på setningane nedanfor: Klarer du å tenke deg fram til kva som er forskjellen mellom dei to verbtypane?

  • Intransitive verb: Babyen smiler. Jon søv. Hunden bjeffar.
  • Transitive verb: Jon kjøper ei bok. Peter elskar Mari. Eg såg hunden.
Forklaring
  • Intransitive verb tar ikkje objekt og treng det heller ikkje. “Babyen smiler” er ei fullgod setning.
  • Transitive verb treng eit objekt for at setninga skal gi fullgod meining. Høyrer vi nokon seie “Jon kjøper”, lurer vi automatisk på kva det er Jon kjøper – setninga treng eit objekt.

Øving 3

Transitivt eller intransitivt? Med eller utan objekt?


Øving 4

Transitive og intransitive verb




CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 28.06.2019