Oppsummering: genitiv - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhold
Øvelse

Oppsummering: genitiv

Lag di eiga grammatikkside om genitiv i nynorsk. Nedanfor finn du dei viktigaste råda om bruk av s-genitiv og om andre måtar å uttrykke eigeforhold på. Jobben din er å legge til gode nynorske eksempel, minst to per punkt!

Genitiv i nynorsk

  1. Vi kan bruke s-genitiv ved særnamn. Da fortel s-genitiven kven som eig noko: ...
  2. Vi bruker s-genitiv i nynorsk ved nemningar for mål: ...
  3. På nynorsk vel vi oftast andre uttrykksmåtar enn s-genitiv, for eksempel
    preposisjonsfrasar: ...
    samansette ord: ...
    eigedomsordet sin: ...
    omskriving med ei setning: ...
  4. Eigedomsordet sin bruker vi helst når det er snakk om personar som eig noko: ...
  5. Det finst ei rekke faste uttrykk med s-genitiv som er svært vanlege i talemålet, og derfor også i både bokmål og nynorsk: ...

Det er best å variere mellom dei ulike uttrykksmåtane som er skildra ovanfor. Alt som er gode uttrykksmåtar på nynorsk, fungerer bra også på bokmål!

Skrevet av Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 04.06.2019