Hopp til innhald
Fagartikkel

Etterbehandling av bilete

Ingen bilete kjem rett ut av kamera klar til å leggast inn på framsida av eit blad eller ei avis. Sjølv om det finst motstand mot etterbehandling eller retusjering, er likevel alle bileta du ser i media, etterbehandla i større eller mindre grad.
I videoen over ser du korleis eit portrett av ei ung jente kan manipulerast til det ikkje går an å kjenne ho att lenger. Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Manipulerte og autentiske bilete

Kva og kor mykje etterbehandling som blir gjord med eit bilete, avheng av kva for sjanger fotografen arbeider med. Fotografar i mote- og reklamebransjen er tradisjonelt sett dei som etterbehandlar bileta mest. Reklamebiletet viser fram ein draum eller ei tenkt verkelegheit. Føremålet med slike bilete er primært å appellere til kjensler.

Pressefotografen skal dokumentere noko som faktisk skjer, og må derfor vere meir forsiktig med etterbehandling av bilete. Av omsyn til integriteten til media er det viktig at dokumentasjonen ikkje blir manipulert. Som ein tommelfingerregel vil pressefotografen berre kunne justere biletet, aldri forandre på det. Dette vil i praksis seie at han/ho vil kunne korrigere utsnitt, lys og fargar innan rimelege grenser, mens det å fjerne eller legge til ting vil vere strengt forbode.

Sjekk ut

Likevel er det ikkje sjeldan at manipulerte bilete dukkar opp i nyheitene, med den følga at fotografen blir sagt opp når det blir oppdaga.

Vanlege biletbehandlingsprogram

Det finst etter kvart mange biletredigeringsprogram tilgjengeleg. Photoshop er rekna som industristandarden innanfor etterbehandling. Som fotograf bør du derfor ha god kjennskap til dette programmet. I tillegg har Photoshop fleire "hjelpeprogram". Dei mest kjende er Bridge og Lightroom. Desse tillegga kan samanliknast med eit gammaldags lysbord som fotografar brukte før i tida for å sjå gjennom negativa sine.

I Bridge og Lightroom kan du laste inn dei digitale negativa dine og velje ut dei beste motiva. Programma har også moglegheiter til ein del enkel etterbehandling, men til meir avansert biletmanipulering må du bruke Photoshop.

I tillegg til Photoshop finst det også mange biletbehandlingsprogram som er gratis tilgjengelege. Mange av desse er svært kraftige og har funksjonar som dekker vanlege behov. Eksempel på slike er:

Gangen i enkel etterbehandling

Ei enkel biletbehandling består av fire trinn før du står att med ein betra versjon av utgangspunktet ditt. Deretter kan du halde fram med ei meir kreativ behandling av biletet før du lagrar att. Prosessen blir dermed slik:

  1. Tilskjering
  2. Lysjustering
  3. Fargejustering
  4. Mellomlagring
  5. Kreativ behandling
  6. Lagring